Resultater fra NM i brukshestkjøring i Sogndal

Det har vore ei fantastisk NM-helg i Sogndal, med svært god køyring i kreative hinder.

Fredag 26. august var det brukshestriding.

Sogndalsjenta Lina Hofslundsengen vann NM på heimebane med islandshesten Sleipnir fra Andersgarda. Ein kjempeprestasjon!!!

På andreplass kom Ina Tufteland og nordlandshesten Rambo Råfaks. Dei er frå Fitjar.

På tredjeplass kom Øystein Lien og fjordingen Lukas. Dei er frå Kongshavn.

Desse tre får æra av å representere Noreg i Nordisk Meistarskap i brukshestridning.

Laurdag 27. august var det skogshest.
Vinnaren av NM skogshest var i år som i fjor Odd Arne Solli og nordlandshesten Høgmo Lotus. Dei er frå Solumsmoen.

Sogndalsjenta Jeanett Skophamar og dølahesten Dala Silja kom på ein svært god andreplass, berre eit poeng frå sigeren i ein tett og vanskeleg konkurranse.
På tredjeplass kom Gunnvald Anderssen og Fjordingen Hjellaren. Dei er frå Rekstern.

Søndag 28. august var det brukshestkøyring.

Norsk meistar i brukshestkøyring 2016 vart Sogndalsjenta Jeanett Skophamar og dølahesten Dala Silja!!!

På andreplass kom Frank Pedersen og dølahesten Gåskjenns Bror frå Froland.

På tredjeplass kom Benedikte Hauge og fjordingen Victor. Dei er frå Grimstad.

Desse tre får æra av å representere Noreg i Nordisk Meistarskap i brukshestridning.
Det var også NM brukshestridning og NM brukshestkøyring i juniorklassen. Dommarane var svært imponert over nivået i begge klassane.

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar