Invitasjon til NM i bruks- og skogshestkjøring 2013

Velkomen til NM i bruks- og skogshestkjøring

Foreningen Arbeidshesten har med dette gleda av å invitere til et av  årets høgdepunkt for deg som er interessert i arbeidshest,

NM i brukskjøring på Lunde idrettsbane, Tysnes 17-18. august 2013.

Tysnes er ein øykommune i Sunnhordland. Reisetida frå Bergen er om lag 1,5 time inklusiv ferje og 1,5 time nordover frå Haugesund inklusiv ferje. Frå Haukeligrend via Odda er reisetida om lag 3,5 timar inkludert ferje.

Tysnes ligg midt i Sunnhordland i eit ope, grønt og frodig fjordlandskap. Fjordingen har i uminnelege tider vore arbeidshesten i dette landskapet. Vi er trygge på at naturen og arrangementet vil vere av ypperste klasse og vonar du vil vere med lage ein spennande konkurranse!

Lunde idrettsbane er på Lundegrend omlag10 km frå ferjekaien i Våge og om lag 22 km frå ferjekaien Hodnaneset. Frå ferjekaien Årsnes-Gjermundshavn er det om lag 23 km frå Gjermundshavn. Tysnes er landfast med bru til Kvinnherad kommune. Frå stevneplassen er det 300 m til Bunnpris m/bensin og diesel, 500 m til Gripne Camping.

Startavgift laurdag og søndag er 350,- pr dag. Deltek du begge dagar betalar du berre 650,- totalt.
Camping like ved stevneplassen kr.50 pr.person pr.døgn.
Oppstalling inkl for kr 150,- pr døgn  for pr hest

Frukost 60,-
Lunsj 80,-
Festmiddag 320,- (sal av øl og vin)

Frist for påmelding er 28.juli 2013.

Påmeldingsskjema  sendes Ynskje Kaldheim
ynskje@haugnett.no
eller:
Smidjebergveien 25
4265 HÅVIK

 

 

 Vel møtt!

 Kontaktperson: Tore Lunde tlf 95277413

PROGRAM

Fredag 16. august

– om kvelden vert det oppstalling og innkvartering for dei som ønskjer det.

 

Laurdag 17. august (Brukskjøring)

Tid Aktivitet
07.00-09.00 Frukost
09.00-10.00 Banegjennomgang
10.30 Offisiell opning av NM 2013 ved ordførar i Tysnes, Kjetil Hestad
11.00-13.00 Konkurranse
13.00-13.30 Lunch
13.45-17.00 Konkurranse
19.00- Festmiddag med premieutdeling (sal av øl og vin)
   

 

Søndag 18. august (Skogskjøring)

Tid Aktivitet
08.00-10.00 Frukost
10.00-10.45 Banegjennomgang
11.00-13.00 Konkurranse
13.00-13.30 Lunsj
13.30-16.00 Konkurranse
16.30- Premieutdeling
  Avreise

 

Ingen kommentarer ennå.

Legg igjen en kommentar