- Hest til glede og nytte
home

Innbyding til pokaltevling på Etnemarknaden

Informasjonsbrev til påmeldte og funksjonærar.

Alle interesserte er med dette invitert til å delta i open pokaltevling i brukskøyring med hest og vogn under Etnemarknaden lørdag 7 . august 2010  kl. 11.00.  Banegjennomgang kl10.00 Vanlege konkurransereglar  for brukskøyring gjeld.  Tevlinga går i ein klasse der både hest og ponni tevlar på like vilkår. På grunn av stor pågang de siste årene får hver kusk kun delta en gang (men en hest kan brukes av flere kusker)  Den med lågast straffepoeng får eit napp i vandrepokalen som vart sett opp for første gong under Etnemarknaden i 2001.

§         Påmeldingsfrist er onsdag 15. juli

§         Maks 25 ekvipasjer, første mann til mølla

§         Tevlingsavgift er kr. 300,- pr. ekvipasje

Inkludert i tevlingsavgifta er evt. oppstallingsplass, inngang til marknadsområdet og middag på tevlingsdagen.  Mot å visa kvittering for betalt tevlingsavgift vert inngangsbillett og matbillett utlevert der brukskøyringa føregår.

Det vert tilrettelagt for oppstalling av hestar, og høve til oppstilling av  bubil/campingvogn eller slå opp telt nær tevlingsområdet kostnadsfritt (kryss av på slippen nedanfor)

Meir informasjon om tevlingingane kan de få ved å kontakte Kjell Eidsvåg på

tlf. 53 74 24 54/452 42 399 eller Egil Kaldheim 52 85 17 53/932 49 697

Fyll ut påmeldingsskjemaet under, og send den pr. post eller på mail innan 15.juli. til Ynskje Kaldheim, Smidjebergvn 25, 4265 Håvik, ynskje@haugnett.no

Meir info om Etnemarknaden finn de på  www.etnemarknaden.no.    Velkommen til trivelege marknadsdagar  !

Beste helsing

ETNEMARKNADEN

Vidar Lund

tlf. 901 63 460

Informasjonsbrev til påmeldte og funksjonærar.

For påmeldingskjema trykk her

Skriv en kommentar

Drevet av Wordpress | © Foreningen Arbeidshesten og Oransje webdesign | Logg inn